Lokalavisa på PDF

Denne tenesta tilbyr deg di eiga lokalavis elektronisk levert over heile verda. Det vil seie at du får høve til å lese papirutgåva direkte på pc'en din når og kor det passar. Er du ofte på reise? Bur du langt frå din heimkommune slik at du ikkje får siste utgåve av lokalavisa før ein dag eller to etter at den kom ut? Då er vår PDF-løysing svaret for deg.

Systemkrav

Du treng ei datamaskin med tilkobling til internett, vi tilrår minimum ISDN oppkobling. Breiband er ein fordel. Du må ha ein PDF-lesar installert, vanlegaste alternativ er Adobe Reader, denne er gratis å laste ned.

Laussal

Vår PDF-løysning tilbyr to betalingsmodellar. Den eine er laussal. Laussalsmodellen er mobilbasert, det vil seie at ein sender ei melding med kodeord til eit kortnummer. Nummer og rett kodeord står på framsida for den utgåva du ønskjer å kjøpe. Ein kan kjøpe eldre utgåver ved å leite dei fram under menyvalet "Arkivsøk". Det er inga tidsavgrensing på kor lenge ein kan laste ned ei utgåve ein har kjøpt i laussal.

Abonnement

Som nemnt tilbyr vi to betalingsmodellar, den andre er abonnement. Har ein abonnement på tenesta vil ein alltid ha tilgang til siste utgåve av avisa. Du vil i tillegg få tilgang til å søkje i arkivet etter tidlegare publiserte utgåver. Du kan bestille abonnement på PDF-tenesta ved å trykkje på "Bestill" i menyen.

Nedlasting

Du har høve til å laste ned avisa på tre ulike måtar:

  1. Du kan lese den online side for side ved å klikke på biletet av sida du ønskjer å sjå
  2. Last ned eit utval sider ved å merke av for "Last ned" på dei sidene du ønskjer for så å trykkje på "Last ned merka" knappen på topp eller botn av sida.
  3. Du kan laste ned heile avisa ved å trykkje på "Last ned heile utgåva"